Soer-Afrika
Fraa Manzini i Swaziland reiste vi vidare til Durban med minibuss. I Durban trefte vi Wendy, som har vore idrettsfredskorpsar i Bergen og har m.a. trena oss i rugby. Det var kjekt aa sjaa ho att og hoeyre oppdateringar paa rugbyfronten. Wendy tok oss med rundt i Durban. Ho bur veldig sentralt. Ho tok oss med paa Chicken Licken der vi fekk smake "Hotwings," som ho bruker aa ete i helgene. Deretter fekk vi vere med ho heim til faren i ein township utanfor Durban, og der trefte vi store delar av familien hennar. Vi fekk smake Zulu-/studentburger, som er veldig meittande, billeg og usunn mat, rund bolle med smultringaktig konsistens, med ost og poelseskinke inni. I tillegg lagde broren til Wendy egg- og kjoettsmoerbroed til oss. Familien hennar var veldig hyggeleg. Soestera til Wendy fletta og tvinna haaret hennnar, og det vart kjempefint! Deretter reiste vi inn att til byen og heim til mora, der Wendy bur til vanleg. Vi fekk ogsaa moete kjaerasten til Wendy.
Vidare reiste vi til ein plass som heiter Mount Frere, der vi besoekte ein av dei andre norske idrettsfrivillege her i Afrika. Ho bur hos ein vertsfamilie som har utallege bilvrak og dyr utanfor huset. Alt fraa hundar til hoener og geiter. Vertsfaren er mekanikar, og fiksar dei fleste bilane i bygda. Det var koseleg aa sjaa korleis ho budde. Folk her i Afrika er saa utruleg gjestfrie!! Vi foeler oss velkomne overalt vi kjem.
Paa vegen til Cape Town var vi ogsaa innom East London og Mossel Bay. Har m.a. laert oss aa spele paa afrikanske trommer og vore ute i sjoen og snorkla. Vi har reist med ulike typar bussar paa turen, ganske greitt aa proeve litt forskjellig. Intercape er bra og relativt billeg.
No har vi endeleg komne til Cape Town. Dette er ein kjempekoseleg by. I dag gjekk vi tur paa Table Mountain der vi fekk ei fantastisk utsikt.
Eg og Elisabeth reiser heimover paa soendag medan Ingeborg reiser tilbake til Zimbabwe. Eg kjem til Foerde rundt 15.30 paa mandag den 21. januar. Snakkast.
18 January 2008
Warning: mysql_query() [function.mysql-query]: Unable to save result set in /vhome/vided.org/include/functions.inc.php on line 213
Warning: mysql_result(): supplied argument is not a valid MySQL result resource in /vhome/vided.org/include/functions.inc.php on line 214

Number of pageviews: . Total views including archives: 0. Since September 1st/11th, 2005.