Zim
Vi hadde ei laaang reise fraa Botswana til Zimbabwe fordi det var like foer jul. Mange zimbabwerar skulle tydelegvis heim til jul, mange av dei bur nok i Botswana, andre hadde vel handla litt mat paa andre sida av grensa. Vi sleit med aa faa haik, og det var koe overalt. Det tok mange timar aa krysse grensa.
Det var kjekt aa sjaa korleis Ingeborg har det i Zim. Eg fekk omvising i Harare, som er ein stor europeisk inspirert afrikansk by. Mora og soestera til Ingeborg kom paa besoek. Dessverre mista dei bagasjen paa vegen, men den kom fram om lag ei veke seinare, saa daa kunne vi endeleg kose oss med litt norsk mat. Vi reiste nordover paa kanosafari i Zambezielva paa grensa mellom Zim og Zam. Det var ein flott tur, men sidan det er regntid regna det store delar av turen. Dette er vi jo vande med fraa vestlandet, saa det la ikkje nokon dempar paa opplevinga. Vi telta langs med elvebreidda. Eine kvelden spelte vi rugbykamp, og alle var med! :) Eg, Ingeborg, Salmoey, Magnhild og vaare to kanoguidar. Alle syntest det var moro, saa daa var eg godt noegd.
Problemet i Zimbabwe er pengar. Det er mangel paa pengar fordi prisane er saa hoege. Det er koe utanfor alle bankar, for alle treng jo pengar, men det er avgrensa kvar dag kor mykje ein kan ta ut. Den offisielle kursen er 1USD=30 000 Zim dollar, medan paa svartemarknaden kan ein faa rundt 2 mill zim dollar. Difor vekslar sjoelvsagt alle der. Prisane er uforutsigbare og rare. T.d. er det superbillig aa gaa paa kino (3 NOK) og for ein sjampo maa ein betale det same som for ein middag ute (60 NOK). Vareutvalet i butikkane er variabelt, men stort sett daarleg. Prisane endra seg ein del medan vi var der. T.d. kjoepte vi ein is for 1,2 mill ein dag, og tre dagar seinare kosta den same isen 2,8 mill. Ein veit aldri sikkert kva kursen eigentleg er og om prisane har endra seg sidan sist. Ganske frustrerande, eigentleg. Men folk klagar lite. Dei synest Zimbabwe er eit fantastisk land, det er berre det at dei har eit pengeproblem. Det blir spennande aa sjaa kva som skjer ved valet til vaaren. Det skal visstnok skje i mars, men ryktene seier at det kan bli utsett til juni eller juli. Alt gaar paa rykter i Zim.
Ein annan ting som skjedde medan vi var i Zim var at dei innfoerte nye pengesedlar. 250 000, 500 000 og 750 000 sedlar vart trykte opp. Det vart sagt at 200 000-sedlane skulle gaa ut av bruk den 1. januar 08, saa alle proevde aa kvitte seg med dei og veksla dei inn i banken. Daa vi kom til 31. des. sa dei paa nyhendene at dei skulle behalde sedlane likevel...
08 January 2008
Warning: mysql_query() [function.mysql-query]: Unable to save result set in /vhome/vided.org/include/functions.inc.php on line 213
Warning: mysql_result(): supplied argument is not a valid MySQL result resource in /vhome/vided.org/include/functions.inc.php on line 214

Number of pageviews: . Total views including archives: 0. Since September 1st/11th, 2005.