Studieopphaldet i Maun snart over
No har eg snart vore tre maanader i Botswana. Utplasseringa i Maun har vore svaert laererik, spesielt med tanke paa HIV/AIDS og tuberkulose. Eg har vore utplassert fire veker paa Maun klinikk, to veker paa Sedie klinikk, eit par veker der vi jobba paa fleire ulike klinikkar, ei veke paa sjukehus og to veker med environmental health. I tillegg har det gaatt med tid til organisering av opphaldet, t.d kvar vi skulle bu, til oppgaaveskriving og til besoek.
Oppsummering av det eg har vore gjennom:
1) Community home based care
Heimebesoek og sjukebesoek rundt i landsbyen. Dette fungerer mykje som heimesjukepleie heime, berre at det er frivillege fraa landsbyen (ofte pensjonerte sjukepleiarar eller anna helsepersonell) som gaar rundt. Det har vore fint aa sjaa korleis folk bur. Eg har moett mange ulike pasientar, som AIDS-sjuke, tuberkulosepasientar, slagpasient, funksjonshemma/utviklingshemma, gamle som er for svake til aa greie seg sjoelv, svaksynte/blinde (det er veldig mange med augesjukdommar her). Problemet er transport, difor er det gjerne berre dei pasientane som bur i naerleiken av klinikken som faar heimebesoek.
2) PMTCT = prevention of mother-to-child transmission of HIV.
Dette er eit stort felt og omfattar mykje. HIV kan bli overfoert i svangerskapet, under foedselen og gjennom morsmjoelka. Samstundes er det eit poeng aa hindre at HIV-positive blir gravide i utgangspunktet, men problemet er at mange blir gravide og ser paa dette programmet som ein sjanse til aa faa ungar til trass for at dei har HIV.
PMTCT-programmet gaar ut paa:
- Registrering av gravide. Tilbod om HIV-testing og raadgjeving. Dette er rutine, men dei kan nekte.
- ANC= ante-natal care. Oppfoelging og kontroll av gravide.
- Familieplanlegging. Hindre HIV-positive i aa bli gravide.
- ARV (antiretroviral) medikament til gravid mor og nyfoedt barn for aa foerebyggje overfoering av HIV fraa mor til barn.
- Spesielle rutinar under foedsel
-Tilbod om morsmjoelkerstatning til alle HIV-positive kvinner, gratis Nestle-NAN-mjoelk i 12 mnd.
- HIV-testing av barnet.
3) Child welfare clinic
- Veging av alle ungar mellom 0 og 5 aar ein gong i maanaden.
- Utdeling av matrasjonar til barnefamiliar og gravide. Dei faar mealie meal (til aa lage maisstappe), tsabana (vitamin og mineral-tilsett
barnegraut som er kjempegod), boenner og solsikkeolje.
- Vaksinering av alle ungar.
4) ARV-pasientar
AIDS-pasientar, dvs. dei HIV-positive som har saa sveikka immunsystem at dei utviklar visse infeksjonssjukdommar eller som har svaert lite av ein type immunceller (CD4 under 200). Desse faar gratis antiretroviralbehandling resten av livet, noko som held viruset paa eit laagt nivaa slik at dei kan leve lengre og faar betre livskvalitet. Problemet er at dei maa ta tablettar kvar dag resten av livet og at mange faar biverknader fraa dei. Det er ikkje alle pasientane som behandlinga verkar for.
5) Tuberkulosepasientar
Desse maa gaa paa ei seks maanader lang behandling. Kvar einaste morgon i seks maanader maa dei moete opp paa klinikkane for aa faa tablettar som det er veldig viktig at dei tar. Elles kan det bli problematisk aa behandle dei pga. at resistens kan oppstaa. Tuberkulose er veldig vanleg pga. at saa mange har HIV i Botswana og dermed har daarleg immunforsvar. Tuberkulose tek ofte livet av AIDS pasientar framfor HIV sjoelv.
6) Environmental health
- Spraying av hus for aa foerebyggje malaria.
- Bostoemming. Vi har vore med bosbilar rundt i Maun for aa plukke opp soeppelsekkar.
- Inspeksjonar av restaurantar og slakteri.
16 December 2007
Warning: mysql_query() [function.mysql-query]: Unable to save result set in /vhome/vided.org/include/functions.inc.php on line 213
Warning: mysql_result(): supplied argument is not a valid MySQL result resource in /vhome/vided.org/include/functions.inc.php on line 214
Warning: mysql_query() [function.mysql-query]: Unable to save result set in /vhome/vided.org/include/functions.inc.php on line 213
Warning: mysql_result(): supplied argument is not a valid MySQL result resource in /vhome/vided.org/include/functions.inc.php on line 214
Warning: mysql_query() [function.mysql-query]: Unable to save result set in /vhome/vided.org/include/functions.inc.php on line 213
Warning: mysql_result(): supplied argument is not a valid MySQL result resource in /vhome/vided.org/include/functions.inc.php on line 214
Number of pageviews: . Total views including archives: 0. Since September 1st/11th, 2005.