MAUN CLINIC
Eg er utplassert paa den stoerste og mest sentrale av dei fire klinikkane i Maun. Elisabeth er utplassert paa Boseja Clinic (Boseja tyder paa andre sida av elva), som er naer rugbybana. Eg trivst kjempegodt paa klinikken. Hittil har eg faatt vore med paa og sett ein god del:
- Eg har observert baade allmennlegar og sjukepleiarar konsultere pasientar. Det er mangel paa legar her i landet, saa sjukepleiarane maa gjere mykje legearbeid, som konsultasjon og utskriving av reseptar for medikament.
- Heimebesoek og sjukebesoek rundt i landsbyen.
- Veging av ungar, AIDS- og tuberkulosepasientar.
- Utdeling av matrasjonar til barnefamiliar og tuberkulosepasientar.
- Maaling av blodtrykk og temperatur paa alle pasientar som kjem til klinikken.
- Mobilklinikk: Reiste ut til ei lita landsbygd for aa ta i mot pasientar og vege + vaksinere ungar.
- ARV-dag paa mandagar: Det er utruleg mange pasientar det er som har AIDS. Desse faar gratis behandling av staten.
- Foedestova: Sett korleis dei hindrar HIV-overfoering fraa moedre til nyfoedde babyar; babyen faar antiretroviralmedikament, og i staden for morsmjoelk faar den babymjoelk laga av vatn og pulver. Vaksinering av nyfoedde.
- Raadgjeving av HIV-positive moedre om PMTCT. Raadgjeving av mannen til HIV-positiv kvinne, oppfordring til HIV-test.
- HIV-testing av gravide og av kvinner som nettopp har foedd og som ikkje veit om dei har HIV eller ikkje.
- Laboratoriet: blodproeveanalyse, blodtype, urinanalyser, graviditetstestar og syfilisproever.
- Injeksjonsrommet: Vaksinering av ungar.
- Saarstellrommet: Assisterer ved saarstell, sying av kutt o.l.
- Medikamentutdeling: Pasientane som har vore hos lege/sjukepleiar stiller seg i koe for aa faa medisinar. Har hjelpt til med aa telje tablettar, lagt desse i liten pose og merka denne med innhald, utloepsdato, antal tablettar, osv. Ganske tungvint system.
- Health education: Nesten kvar morgon blir dei oppmoette pasientane undervist i eit helserelatert tema.
- Kontroll av gravide kvinner. Her har eg faatt vere med aa undersoeke kvinnene, finne posisjonen til babyen, maale lengda paa livmora, lytte etter hjartet til babyen og generell undersoeking av kvinna.
- Familieplanlegging: Observert korleis dei handterer raadgjeving av kvinner i forhold til bruk av p-piller, injeksjonar og kondomar.
-
17 October 2007
Warning: mysql_query() [function.mysql-query]: Unable to save result set in /vhome/vided.org/include/functions.inc.php on line 213
Warning: mysql_result(): supplied argument is not a valid MySQL result resource in /vhome/vided.org/include/functions.inc.php on line 214

Number of pageviews: . Total views including archives: 0. Since September 1st/11th, 2005.