Maun, Botswana
Hei alle saman!
No er eg altsaa i Maun, nord i Botswana i AFRIKA! Vi vart moett paa flyplassen i Gaborone av folk som jobbar i staten, Department of Local Government. Det er dei som har ansvar for primaerhelsetenesta i Botswana, og dermed ogsaa for oss sidan vi skal vere utplassert der. Vi fekk eigen sjaafoer dei 900 km nordover til Maun. Daa vi kom hit vart vi foerst plassert i eit hus som tilhoeyrer ein klinikk i ein landsby (Shorobe) 40 km fraa Maun. Dette var medan vi venta paa at dei skulle ordne moeblar til husveret vi skal laane i Maun. Ting tek tid! Vi kom til Maun paa fredag, budde i Shorobe fram til onsdag, daa husveret vaart var klart. Vi har kjoept oss eit lite kjoeleskaap, men ventar framleis paa komfyr. Husveret er utruleg fint og stort. Tre soverom, tre bad, spisestove, stove, kjoekken, veranda og sandhage. Det siste er eit poeng; det er sand overalt her. Her er altsaa plass til aa faa besoek :)
I dag har vi vore rundt og sett dei ulike klinikkane og helsestasjonane i Maun. I morgon skal vi vere utplassert paa ein av desse. Paa soendag er det "Independence Day" i Botswana, og mandag og tysdag er det fri. Foerst onsdag skal vi setje oss ned med dei ansvarlege legane for aa planlegge det faglege opplegget. Eg gler meg til det kjem i orden.
Vi har allereie vore i ein park rett ved byen, der vi saag mange dyr; warthogs, sebraar, apar, gifaff og antiloper. Langs med vegane og i landsbyane er det ogsaa mange dyr aa sjaa; geiter, kyr, esel, hoener, strutsar, m.fl.
Veret her er saa langt slik at vi overlever varmen. Maun er visstnok ein av dei varmaste plassane i Botswana. Midt paa dagen er det oftast saa varmt at vi ikkje orkar stort, saa daa held vi oss i ro eller inne. Men hittil har det faktisk vore to dagar med overskya ver, som har vore herleg etter mykje sol og varme.
Maun er ein liten by (ca. 30 000 innbyggarar), som er eit turistsenter fordi det ligg midt i safariomraadet til Botswana. Vi haapar aa etterkvart reise nokre turar ut i bushen, men foerst maa vi proeve aa orientere oss i alle dei ulike safaritilbydarane.
Vi har kjoept oss syklar, men desse har punktert, saa vi maa lappe dei. Det er ein del sandvegar her, men hovudvegane har asfalt. Dermed kan vi sykle rundt for aa sjekke naeromraada. Elles har eg funne rugbybana litt utanfor byen, og den er ikkje overraskande av sand. Saa snart eg kan vil eg dra dit for aa finne ut av treningstider og rugbylag i byen.
Mitt botswanske nummer er: + 267 71 23 88 49. (I tilfelle nokon treng aa faa tak i meg).
Kjersti
27 September 2007
Warning: mysql_query() [function.mysql-query]: Unable to save result set in /vhome/vided.org/include/functions.inc.php on line 213
Warning: mysql_result(): supplied argument is not a valid MySQL result resource in /vhome/vided.org/include/functions.inc.php on line 214

Number of pageviews: . Total views including archives: 0. Since September 1st/11th, 2005.